Det er Fjordane Tingrett som har dømd mannen frå ytre Nordfjord for ei rekke seksuelle handlingar mot jenter som var mindreårige då det skjedde.
Mannen er dømd for å ha hatt seksuell omgang med fire av jentene i form av samleie. Ei av jentene han hadde samleie med var berre 12 år då overgrepa skjedde.
Dei andre jentene var 14 og 15 år då overgrepa skjedde. I tillegg oppmoda han ei femte jente til å ha sex med han. Han var også tiltalt for å ha teke på brysta til ei sjette jente utanpå kleda, men her frikjende retten han.
Hendingane skriv seg tilbake til sommaren 2006 og våren 2007. Tiltalte
hadde då kontakt med ungdom gjennom jobben. Dei seksuelle overgrepa skal i følgje tiltalen ha skjedd både på jobb og heime hos tiltalte.
Det var mora til ei av dei misbrukte jentene som oppdaga dette då ho via andre barn fekk høyre om kva som hadde skjedd. Ho slo alarm og kontakta barnevernet og politiet om mistanken sin.
Rettssaka gjekk over fem dagar, og det var ført 19 vitne.
Aktor la ned påstand om fengsel i tre år og seks månader. Retten dømde han til fengsel i tre år. 32 dagar i varetekt medan etterforskinga pågjekk blir trekt ifrå.
Han er vidare dømd til å betale 80.000 kroner i oppreising til tre av jentene. Høvesvis 50.000 kroner, 20.000 kroner og 10.000 kroner.