Dette biletet av to smilande barn bak på ein traktor vart vinnar av årets fotosommarkonkurranse i Fjordenes Tidende.

Sjå sommarfoto her

Sjå fleire sommarfoto her

Eit digitalt kompaktkamera som toler vatn er premien som Einar Lexau frå Bremanger kan smykke seg med etter at han er trekt ut som vinnar blant alle som har sendt inn foto til Fjordenes Tidende i sommar.

Biletet som Lexau sende inn var av Olivia og Jacob på ferie i Bremanger i sommar. Dei to er plassert på ein sofa bak på ein traktor, og Lexau har kalla motivet «neste generasjon sofabønder».

– Vi har fått inn mange foto denne sommaren. Dei er publisert i papirutgåva. Det er tydeleg at det er mange som tek mykje bilete både med digitale kamera og med mobiltelefonar. Vi har enkelte som er veldig flinke, og som sender inn mange foto i løpet av sommaren, seier redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

– Motiva er svært varierande. Mange sender inn naturfoto med flotte solnedgangar. Barn og natur er også gjengangar på mange motiv, seier Wåge.

Wåge understrekar at dette ikkje er ein kvalitetskonkurranse.

– Vi har trekt ut ein tilfeldig vinnar. Men motivet er artig, og har ein passande tekst, så slik sett kunne dette bildet blitt vurdert høgt opp i ein vurderingskonkurranse.

Vi har i sommar plukka ut nokre av dei bileta som er sende inn, og trykt dei i papirutgåva.

– Dessverre så har vi ikkje fått plass til alle i avisa. Kvar måndag brukar vi sistesida i papirutgåva til å presentere lesarfoto. Så det kan hende at nokre av dei som ikkje er brukte i sommar kan komme på trykk her, seier Wåge.

Han oppmodar alle lesarane om å sende inn foto til avisa dersom det er flotte motiv, eller noko spesielt som skjer.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende