Sjåføren og bileigaren, som stod tiltalt etter dødsulukka på Haus i fjor, er frifunnen for bildrap og medverknad til bildrap.
Sjåføren er frifunnen for å uaktsamt bildrap. Han er også frifunnen for å ha forvoldt betydeleg skade på ein person ved uaktsam køyring.
Sjåføren er derimot funnen skuldig i å ikkje ha vore tilstrekkeleg aktsam i trafikken, og for at han ikkje har forsikra seg om at bilen var i forsvarleg tilstand før køyreturen.
For dette dømmer Fjordane Tingrett føraren til fengsel i 45 dagar, der 30 av dei vert på vilkår med ei prøvetid på to år. Føraren misser også retten til å ha førarkort i to og eit halvt år.
Bileigaren er også frifunnen for dei mest alvorlege tiltalepunkta. Han er dømd til fengsel i ti dagar for ikkje å ha sytt føre at bilen var i forsvarleg stand. Han misser også retten til å køyre bil i eitt år og tre månader.
Både føraren og bileigaren er frifunnen i spørsmålet om økonomisk oppreising.
Heile saka står i papirutgåva onsdag 23. februar.