– Styret treng meir tid for å gjere vedtak. Det ville vere uklokt å presse fram eit vedtak no, seier styreleiar Reidar Sandal i Kystvegen Måløy-Florø etter eit møte 2. mars.

Det er Firdaposten som melder saka.

Det er liten tvil om at då Vågsøy-delegasjonen under forhandlingane med Flora om nye Kinn kommune godtok eit ultimatum om å satse på Terøy-alternativet sørover frå Svelgen mot Florø, blei saka straks meir komplisert, meiner Firdaposten.

Det politiske miljøet i Vågsøy er ikkje samstemte på dette punktet og det er venta at ultimatumet i intensjonsavtalen om Terøy blir tema på neste forhandlingsmøte.

- Prosjektet må vere realistisk. Hugs- saka vert ikkje avgjort i lokalpolitikken, men av stat og fylke, seier Sandal.

Styret i Kystvegen utsette på si side s eiga avgjerd til 15. mars.

– Vi har sett av 15. mars som møtedato for vårt styremøte og skal då komme med vårt råd til lokalpolitikarane.

Styret i Kystvegen  Måløy-Florø er samansett av Flora-ordførar Ola Teigen og Stein Kvalsund. Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) og Jorunn Frøyen. Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Hans Petter Selstad. Dessutan Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Sp) og Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Flora, Vågsøy og Bremanger har aksjemajoritet til saman.