Neste veke opnar kunstutstillinga til Turid Brunsvik Kvalheim i Måløy. – Kunsten viser mykje av livet mitt, seier ho.

Brunsvik Kvalheim er utflytta måløyværing og er no heime for å halde kunstutstilling på Den Blå Hesten i Måløy. Ho synest det er stas å vere tilbake.

– Det var jo her det heile starta, og eg har hatt mange utstillingar i Måløy, fortel ho.

Elskverdig kunstnar

Heidi Myhre og Lillian Gotteberg er begge med i Måløy Kunstlag. Dei fortel at det var dei som inviterte Brunsvik Kvalheim til Måløy.

– Ho er ein fantastisk dyktig kunstnar. Og i tillegg til det så er ho ein nydeleg person. Ho er rett og slett ein elskverdig kunstnar, understrekar Myhre.

Allsidig

Brunsvik fortel at ho ser på seg sjølv som ein allsidig kunstnar, og brukar fleire ulike teknikkar når ho lagar kunst.

– Eg brukar ulike metodar, og målar alt ifrå natur til menneske og abstrakte motiv, fortel ho. Kunstnaren legg til at ho i det siste har jobba mykje med å forme skulpturar, og særleg i marmor.

– Kvart år reiser eg til Italia i tre til fire månader. Der jobbar og treff eg andre som driv med det same, og det er inspirerande, påpeiker Brunsvik. Ho fortel at ho har tilgang til eit studio med fleire ulike verktøy, i tillegg til at ho har med seg mykje sjølv.

– Det er intens hogging, og eg blir både sint på og glad i den skulpturen eg held på med undervegs, smiler Brunsvik Kvalheim.

Sommarleg utstilling

Utstillinga ho no har tatt med seg frå Larvik, kor ho er busett, opnar torsdag 4. august.

– Dersom eg skal beskrive kunstutstillinga må eg seie at den er glad, fortel ho.

Akkurat det er Gotteberg og Myhre einige i.

– Her er fantastisk mykje flotte fargar, og utstillinga er veldig sommarleg og positiv, seier dei.

– Når det er så dårleg vêr kan det jo vere veldig fint med litt fargar i kvardagen, påpeiker Myhre.

Ho fortel at utstillinga vil vere open ut august.

– Det er veldig kjekt å ha besøk av ein slik kunstnar, og det er veldig spesielt sidan ho var med og starta kunstlaget her i Måløy, avsluttar Myhre.

Kunstutstillinga er open fredagar frå to til seks, og laurdagar frå tolv til tre.