Ole Stenbakk frå Bremanger stiller spørsmål ved om folk flest er klare over urettferda ved Fjord1 sitt takstsystem.

– Det er nok mange som ikkje tenker over at ein betaler for eit større areal på ferja enn det ein bruker, seier Ole Stenbakk, som trur folk berre har vent seg til det urettferdige systemet.

Sjølv har han sett seg lei på at ferjene har sett prisar etter ei standardlengde på seks meter for dei minste bilane.

– Det står på billetten at ein kjøper seks meter lengde – det minste ein kan kjøpe. Og alle ferjer har køyrefelt på 2,5 meter breidde. Dermed kjøper ein eigentleg eit areal på 15 kvadratmeter, forklarer Stenbakk, som påpeikar at den vanlege familiebilen nok ikkje er lenger enn rundt fire meter, noko som tilsvarer eit areal på 10 kvadrat.

Sel arealet to gongar

– Kva ville ein sagt om ein skulle kjøpe ein fire meter lang planke på eit trelastlager, men måtte betale for seks meter? Og kva om trelasthandlaren gjorde som ferjeselskapa, beheldt dei to meterane som kunden ikkje trengde, og selde dei vidare til neste kunde? I andre land kallar ein å selje meteren dobbelt for svindel. I Norge er dette heilt legalt!

Og har ein bil over seks meter aukar prisen per kvadrat til over det dobbelte, fortel Stenbakk.

– Kva grunn er det for denne kolossale auka på arealet for store familiebilar, ofte med mange barn? spør Stenbakk som også ser utfordringar for næringslivet.

– Det urettferdige systemet går også utover næringsdrivande i område der ein er avhengig av ferje for å få levert produkta.

Foreslår nytt system

Stenbakk ønskjer eit meir rettferdig takstsystem for bilistane, eit han meiner dagens teknologi må kunne gjere muleg.

– Lag ein betalingsterminal der billettøren trykker inn storleiken på bilen etter opplysningar frå vognkortet. Betal så for det faktiske arealet du tek opp på ferja. Alt anna er urettferdig!

Regionsleiar i Fjord1 Tor Kristoffersen ser poenget, men fortel at dei i forhold til totalvolumet reisande får få reaksjonar.

– Vi kan sikkert ha nokre meiningar om systemet er rett eller gale, seier han, men viser til at det er eit statleg utarbeidd takstregulativ som dei er pålagt å bruke i kontraktane. For oppdragsgjevaren, fylkeskommunen, er det imidlertid valfritt å pålegge Fjord1 regulativet, men Vegdirektoratet ser det som positivt at takstsystema er mest muleg like i heile Norge.

Har ingen planer om å endre på lengdene

Vegdirektoratet vil ikkje gjere noko med lengdegruppene i takstsystemet, men varslar andre endringar i det nye autopassregulativet.

Seniorrådgjevar for ferje i Vegdirektoratet Edvard Sandvik skjønar Stenbakk sin argumentasjon, og medgir at dei i blant får reaksjonar på systemet. Men ikkje mange nok til at dei gjer noko med det.

– Ut ifrå meldingane vi har fått verkar det ikkje som dette er ei stor sak for folk. Dei ser ut til å vere rimeleg fornøgde med eit system som er innarbeidd og der vi ser at billetteringa fungerer.

– Har ein vurdert endring?

– Vi høyrer på folk sine innspel og når vi meiner det kan vere gode grunnar til å gjere endringar, ser vi på det. Men vi skal jo også ha inntekter på billettane, seier han og peikar på at ein stad må ei grense trekkast og at det alltid vil vere nokon som kjem betre eller dårlegare ut.

Stenbakk sitt forslag om å lage eit betalingssystem basert på nøyaktige opplysningar frå vognkortet trur han ville bli komplisert å gjennomføre. Han trur utviklinga heller går mot forenkling.

– Ein veg er å lage eit komplekst, dyrt system der ein må måle og undersøke alle, mot eit enklare system som er lettare å ta omsyn til og handheve, seier han, og peikar også på turistsesongen der ein møter utanlandske vognkort med potensielt mangelfulle opplysningar. Men nokre endringar er på veg i samband med det nye autopassregulativet.

– Med brikkebetaling har ein ikkje funne ein god måte å skanne passasjerar i kvar enkelt bil på. Så dei går gratis, seier han. Men også dette systemet vil gi ulemper og fordelar. Personbiltaksten vil gå litt opp, og bilar med berre førar kjem då noko dårlegare ut, enn bilar med mange passasjerar om bord.