Espen Gulliksen har fått tilbod om mellombels tilsetjing som lensmann i Bremanger.

Det skriv NRK.

Lensmannskontoret i Bremanger har stått utan politi sidan slutten av februar. I perioden har politiet i Florø hatt ansvar for kommunen.

Gulliksen, som har jobba ved lensmannskontoret i ei årrekke, var den einaste som søkte på stillinga han no er tilbode. Politkontoret i Svelgen manglar framleis betjentar, men om det skal tilsetjast ein eller to er framleis uklart.

Til Fjordenes Tidende fortel Gulliksen at han har svarfrist til over påske.