Tenesteleiar eigedom i Selje kommune, Merete Nerland, beklagar at det ikkje var heilt samsvar mellom teikningane som vart sendt ut saman med nabovarsel då barnehagen på Flatraket skulle utvidast.
På teikninga naboane fekk utsendt i forkant av utvidinga framstod taket på gamlebygget som høgare enn taket på nybygget.
Når bygget kom opp viste det seg at taket på nybygget vart høgare enn på det gamle bygget som i si tid var reist som ein kommunal utleigebustad.
Nerland seier at ein på teikningane hadde gått ut frå ein takvinkel på 28 grader og ein bestilte takstolar ut frå ein slik.
- Då takstolane kom viste det seg at vinkelen på taket berre var 23 grader og dermed vart taket høgare på nybygget enn det som kom fram på dei utsende teikningane, seier Nerland.
Tenesteleiar Nerland er den første til å beklage at det ikkje var heilt samsvar mellom teikningar og slik bygget vert, men seier at bygget ikkje på nokon måte er ulovleg slik ho ser det.
Les heile saka i papirutgåva måndag 7. juni.