Det er NRK som melder denne saka.

Elveredning er krevjande, ofte i stri straum. Då skal ein vite kva ein driv med før ein går uti.

Ove Haugen, som er aktiv i den frivillige elveredningsgruppa på Nordfjordeid, fortel at det er eit problem at desse redningsgrupppene ikkje alltid blir kontakta.

– Av og til ser vi i media at nokon er sakna i ei elv og at det går lang tid før personen blir funnen. Då hender det at vi ringer for å tilby oss å hjelpe, seier Haugen til NRK.

Blålida i Leirgulen. Foto: Dag H. Nestegard

Responsen er som regel er positiv, men nokre gonger blir dei avvist. Han ønsker seg eit system som sikrar rett kompetanse til rett tid, og etterlyser nasjonale standardar for redningsgrupper med spesialkompetanse på fjell- og skredredning.

For ei veke sidan sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl til Fjordingen at ho ville følge opp elveredningsgruppa sine utfordringar.

Regjeringa ser på spørsmålet

For å nå målet om å redusere drukningsulykker, arbeider regjeringa med ein nasjonal arbeidsplan.

– Samhandling med frivillige organisasjonar er heilt avgjerande, seier Even Tronstad Sagebakken (Ap), statssekretær i Fiskeridepartementet, til NRK, men han kan ikkje enno seie om eit eige elveredningsfag vil vere ein del av denne planen.