- Det ville vere eit stort tap for Nordfjord dersom noverande tilbod forsvinn, seier Jonfinn Hole.

Til dagleg er bryggjaværingen prosjektleiar i Fjordbygg, men av helsemessige årsaker har han måtta ta det med ro den siste tida. Han har vore heldig, og har sleppt å bruke lokalsjukehuset fram til han fekk problem med ryggen for kort tid sidan.

Fjordenes Tidende møtte Hole på ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus etter at det blei kjent at administrasjonen i Helse Førde av økonomiske grunnar tilrår at avdelinga skal leggjast ned. Leiinga meiner også at fødeavdelinga skal leggjast ned, men fungere som ei fødestove i ein overgangsperiode.

- Det er fortvilande at vi ikkje skal ha råd til å oppretthalde tilbodet. Det uroar meg. Her er det meir enn økonomi som spelar inn, og eg kan ikkje skjøne at vi skal gå tilbake i tid med omsyn til så viktige ting som helse og tryggleik. Det har vore utruleg positivt å ha tilbodet så nært. Eg blir oppgitt og veldig frustrert over planane, seier han.

I dag møtest styret i Helse Førde for å ta stilling til den nye strategiplanen.

Les heile saka i papirutgåva fredag 18. juni.