Analysen som viser dette er utarbeida for Sogn og Fjordane fylkeskommune av Knut Vareide ved Telemarksforsking.

– Sogn og Fjordane gjer det best når det går mindre bra for resten av landet, sa Knut Vareide ved Telemarksforsking.

– Ein slik analyse kan ikkje lesast som ei endeleg og utfyllande oversikt over status i fylket og i kommunane. Det er viktig at ein slik analyse blir støtta av eigne vurderingar for å sikre ein læringseffekt, sa fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Hovudpoeng i rapporten

• Næringsattraktiviteten i SFJ har vore svakt negativ i åra etter år 2000 samla sett. Det har blitt skapt om lag 350 færre arbeidsplassar enn venta i femtenårsperioden.

• Differansen mellom venta og reell sysselsetjingsutvikling skuldast hovudsakleg svake tal innanfor industri og primærnæringane. Sysselsetjingsutviklinga innanfor statleg og fylkeskommunal verksemd er også svakare enn venta.

• Kommunal sektor har hatt sterkare sysselsetjingsutvikling enn venta.

• Næringsattraktiviteten i fylket har utvikla seg positivt. Den var svakare i byrjinga av tusenåret, enn den har vore dei siste fem åra.

• Samanlikna med dei andre fylka var næringsattraktiviteten i SFJ rangert midt på treet i åra 2011-15. 10 fylke har sterkare næringsattraktivitet, 9 har svakare.

• SFJ har hatt låg bustadsattraktivitet dei fleste åra etter tusenårsskiftet. Men 2015 er det fyrste året sidan 2009 der denne er positiv.