Det er regiondirektør Vidar Ulriksen som bekreftar dette etter å ha undersøkt data frå sporingssystema til trålarane som haustar i området.
– Ingen av båtane har vore innanfor denne sona sidan dei starta haustinga i Bremangerpollen, seier han.
– Kan dei ha gått gjennom sona utan å tråle?
– Dei har ikkje vore der i det heile tatt, seier Ulriksen, som har gått gjennom sporingsdataene to gonger på førespurnad frå Fjordenes Tidende.
Vil ha heile fjorden freda for taretråling
– Det kan heilt sikkert vere vanskeleg å bedømme frå land kor grensene går, seier Vidar Ulriksen, som også har gjort undersøkingar rundt bildet som er tatt av ein trålar som er mistenkt for å vere over sonegrensa ved Kyrkjeflua. Fiskeridirektoratet har sett på siktelinja slik at ein kan sjå kor bildet er tatt frå, og lagt det inn i satellittbildet frå Grotle.
– På dette punktet er det holmen som markerer grensa og trålaren er på rett side, seier Ulriksen, som seier dei prøver å følge opp så godt dei kan.
Viser til sporingsdata
Harald Bredahl, råstoffsjef i FMC Biopolymer, sit med det same sporingskartet, og kan også stadfeste at båtane har halde seg unna sonen.
Han seier det kan skje at ein trålar ein sjeldan gong går gjennom sonen utan å tråle, men at heller ikkje det har skjedd i dette tilfellet.
– Eg kan avkrefte det. Sporingsdataa viser at ein ikkje har vore innom sonen, seier han.
Bredahl fortel at dei har halde seg til den avtalen som har vore om at ein ikkje trålar i sonen ved gamle Grotle kyrkjehard, sjølv om den formelt sett ikkje har vore ein del av forskrifta før i år.
Ser på vernet av Bremangerpollen som styrka
Varslar gjerne fiskarlaget
FMC Biopolymer varsla regionkontoret til Fiskeridirektoratet ein månad før oppstart av tarehaustinga slik dei skulle, men registrerer reaksjonane frå fiskarlag på at dei ikkje blei varsla også.
– For meg er det ingen problem å ta opp telefonen og ringe Geir Magne Røys i Bremanger fiskarlag, forsikrar Bredahl, og forklarer at det er noko dei godt kan gjere framover.
Også Fiskeridirektoratet har notert seg at fiskarlaga gjerne tek imot eit varsel om oppstart av sesong.
Måtte begynne i Bremanger
Harald Bredahl fortel at dei ikkje hadde noko andre alternativ enn å starte i Bremangerpollen i år. Dei trengte ei rask og god innhausting for å halde fabrikken med råstoff.
– Bremangerpollen er ein god hausteplass for oss, dei andre felta vi har tilgjengeleg i området er mindre. Vi måtte hauste nok, og raskt nok, til å halde fabrikken flytande, og det vi kunne vi klare i Bremangerpollen.
– Dårleg planlegging har fleire kalt det, er det slik?
– Vi har ein sesong som går i rykk og napp, og det er ei utfordring for oss å ha tilgjengelege råvarer i fabrikken til ei kvar tid, seier Bredahl, som også viser til at dei i denne perioden hadde overtaking av nokre båtar som skapte utfordringar.
I Bremangerpollen kan det på ein sesong bli henta ut mellom 3.000 og 6.000 tonn tare, utan at Bredahl har nøyaktig oversikt over kor masse som er tatt til no.
– Bremangerpollen er det beste, opne feltet i Sogn og Fjordane, og er fire-fem gongar større enn dei andre gode felta, seier han.