– Eg vart skikkeleg glad då eg fekk denne stillinga; både fordi det betyr at eg får jobbe i eit team med gode folk spreidd over heile landet, og får betalt for å gjere verda til ein betre stad for fleire, seier Oddrun Midtbø.

Etter å ha arbeidd som journalist i Sogn og Fjordane i over 30 år, har Midtbø eit stort kontaktnett innafor organisasjons- og næringslivet. Ho gler meg til å samarbeide med dugnadsfolk over heile fylket, og ikkje minst halde på tradisjonen at fjordfolket er blant dei rausaste i landet.

– I Noreg er det altfor mange som opplever å stå utanfor. Eg veit det er folk som kjenner seg utanfor også her i fylket. Kirkens Bymisjon har ikkje noko prosjekt her i dag, men det må vere eit mål å skape fleire møteplassar for folk frå ulike miljø. Ved å opne dørar og leggje til rette for at fleire møtast, skal vi vise kvifor årets TV-aksjon er så viktig. På landsbasis skal vi tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale, og slik bidra til at fleire får sjansen til å få eit mindre einsamt liv, seier Midtbø.

Ho peiker på at TV-aksjonen er heilt unik i verda.

– Éin søndag i oktober samarbeider alle innbyggjarane i landet for ei viktig felles sak. Kongefamilien, statsministeren, næringsliv, organisasjonar, trussamfunn og mannen/kvinna i gata bidreg alle til å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Denne dagen må vi passe godt på, understrekar Midtbø.