61 prosent av dei som har stemt meiner Vågsøy bør behalde kommunenamnet som det er i dag.
39 prosent av dei som har stemt vil skifte kommunenamnet frå Vågsøy til Måløy.
Det er 2.079 hadde stemt på dette spørsmålet som har vore aktuelt i mange år.
Men no syner denne uhøgtidelege røystinga at det ikkje er fleirtal for å skifte kommunenamn.
På Fjordenes Tidende sin nettside, fjt.no, har dei som har vore innom sida kunne stemme på dette spørsmålet siste veka.
Det er berre muleg å stemme ein gong frå kvar unik datamaskin på kvart av dei aktuelle spørsmåla som ligg ute. Såleis er det ikkje godt å mobilisere for verken det eine eller det andre.
Så spørst det om dei som har kjempa for at kommunenamnet må skiftast ut vil bruke dette som grunnlag for den vidare prosessen, eller om det er dei som vil behalde Vågsøy, som vil bruke det.
Det nye aktuelle spørsmålet på fjt.no er om du trur at Tornado Måløy (TMFK), som tek ferie på toppen av tabellen etter ein suveren vårsesong, vinn årets 3. divisjon.