Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

Sjølve kjem dei frå Nordfjordeid og Ervik på ytre Stadlandet.

Eit kompromiss gjorde at dei hamna i Selje, og ikkje i Ervik eller på Nordfjordeid.

– Vi var jo veldig klare for å flytte heim og stifte familie. Men vi hadde eigentleg bestemt oss for at vi ville bu på Nordfjordeid, eller kanskje i Ervik. Selje var i alle fall ikkje noko alternativ. Men så dukka dette huset opp, seier Kristina.

Kristina og Stian fall for huset og gjekk berre og venta på at det skulle kome for sal. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Geografisk er det heilt klart ein fordel med tanke på begge sine familiar. Det er vel å merke ein halvtime lenger å køyre til kommunesenteret på Nordfjordeid enn til Stian si heimbygd, Ervik. Men plasseringa gjer det enklare å kome seg enten hit eller dit.

– Ja heilt klart! Eg trur dei synst det var litt rart i starten, men som eg seier til dei: «det er jo framleis den same kommunen», ler Kristina.

Fasjonabelt strøk

Huset dei har kjøpt ligg i Skogavegen i Selje, og er eit av tre større hus som dukka opp i dette området for rundt hundre år sidan. Deira hus, lensmannsgarden, ligg mellom doktorgarden og huset til handelsmann Bjørkelo.

Dei tre husa var dei første som kom langs det som i dag heiter Skogavegen. Med si sentrale plassering og gode solforhold var tomtene svært ettertrakta. I dag er heile området fullt av einebustadar og leilegheiter. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Det var med andre ord folk i dei «finare» samfunnslaga som først etablerte seg i det som i dag er eit stort byggefelt i Selje.

Ekteparet har fått opplyst at huset blei sett opp i både 1916 og 1925. Då det var nytt, var det noko mindre enn det er i dag, noko ein ser på dette bildet. Det blei bygd på sørover mot Doktorgarden på 1940-talet. I bakgrunnen skimtar ein Bjørkelo-huset. Foto: Henta frå boka Gamle Selje

Lensmann P.O. Hamre skal ha vore den første som tok i bruk huset. Det fungerte derfor også som lensmannskontor, og ikkje minst som arrest for bygda sine småkriminelle. Det kan ein framleis sjå spor etter i kjellaren på huset, i form av ei celledør med eiga serveringsluke.

I kjellaren ser ein framleis spora etter fengselscella, med både beslag og serveringsluke på døra. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Under krigen fortel historia at lensmannen også ved fleire høve heldt selskap for tyske offiserar. Nokre hevdar at han gjorde dette for å samle inn informasjon, samtidig som han overfor tyskarane gav uttrykk for å vere på deira side.

Ekteparet er ikkje heilt sikre, men trur at dette kan vere den gamle lensmannsstolen til Peder Hamre. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Det sit dermed mykje historie i veggane, og bidrar til stoltheiten ekteparet har for huset.

– Det er veldig stas. Vi forelska oss eigentleg i dette huset, og då vi fekk vite at det kom for sal, gjekk vi berre og venta. Det vi ønskte oss var eit eldre hus med god plass og plassering, og ikkje minst hage, seier Kristina.

Det er ikkje berre innandørs det er mykje arbeid. Også den svære hagen treng vedlikehald. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Flytta på loftet

Ekteparet tok over huset i februar 2021. Då starta arbeidet med å totalrenovere bygget, eit arbeid dei er godt i gang med. Heldigvis for dei, bestod huset av to leilegheiter, ei oppe og ei nede. Det gjer at dei kan bu i den eine medan den andre får seg ei overhaling.

– Det passa oss perfekt, og vi flytta opp på loftet medan vi reiv alt nede. Til slutt vil det bli slått saman til ein bustad der vi har kjøkken, stue, vaskerom og eit lite bad nede, og soverom oppe, forklarar ho.

Sjølv om dei også på sikt skal renovere loftet, var det nok med eitt strøk måling for at dei skulle føle seg heime medan arbeidet i etasjen under held på.

Og arbeid har det vore mykje av.

– Vi reiv alt av golv heilt ned til bjelkelaget og la nytt. Så no er det snorbeint. Men vi ser at det har tatt litt lenger tid enn vi hadde tenkt, for vi hadde eigentleg ein plan om å vere inne til jula i fjor, smiler Stian.

At vesle Sverre på tre månader melde sin ankomst, endrar sjølvsagt også prioriteringane.

– Vi stressar ikkje. Men det er veldig deilig at vi har denne plassen her oppe enn så lenge, seier Kristina.

Fasaden er snart klar

Noko anna som har kravd mykje tid, er totalrenoveringa av fasaden. Dei har etterisolert, i tillegg til at det er sett inn nye glas, dører og montert ny kledning. Til sommaren skal også taket fornyast.

– Då er det meste av grovarbeidet gjort. Vi leigde inn hjelp til alt ute, men det som er inne vil vi prøve å gjere sjølve, seier Stian, som no også får meir tid til dette.

– Eg jobbar på Stadpipe på Stadlandet der eg tidlegare var anleggsleiar og reiste mykje. Dei første ti månadene vi budde her, var eg vel vekke i åtte i av dei, men no har eg begynt som formann i produksjonen, så då får eg betre tid, seier han.

Utsikta er det ikkje noko å seie noko på. Her ser ein heilt ut til Fure på ein godvêrsdag. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Å flytte til ein ny plass der ein ikkje kjenner så mange er også uvant. At han måtte få seg jobb med mindre reising var også ein del av avtalen, ifølge Kristina.

– Eg sa til han at om vi skulle vi flytte til Selje, måtte han vere heime kvar dag. Det var litt av «dealen», smiler ho.

– Men vi trivst veldig godt, og har allereie gode vennar. Og så er det ikkje så langt til Ervik eller Nordfjordeid på besøk heller.

Ekteparet fortel at dei har funne seg godt til rette i si nye heimbygd. Foto: Bjørn Erik Drabløs