Det skriv NRK Sørlandet.
Blå Kors har hatt over 4000 førespurnader til sine chattetenester for unge sidan september.
Christoffer Ringsvold Jensen, konstituert verksemdsleiar for Blå Kors' chatsenter i Kristiansand, vil ikkje spekulere for mykje i om auken har samanheng med det uro og krig unge ser i media, men det generelle biletet er at fleire er urolege og bekymra.
– Mange barn får med seg mykje, men dei forstår det ikkje. Vaksne må hjelpe barn med å skape meining i det som skjer, særleg når noko opplevast brutalt og meiningslaust.
Blå Kors' chatteteneste Snakk om psyken er eit tilbod der barn og unge mellom 9 og 19 år kan snakke med ein trygg vaksen om vonde kjensler.
(©NPK)