Han likar å få besøk, og når han får gjestar set han fram godsakene.

– Eg har mykje godteri, men eg et det sjeldan sjølv. Når det kjem gjestar, tømmer dei som regel godteskåla. Eg er av og til litt forundra over at dei kan konsumere så mykje søtsaker, ler Magnus.

Sjølv er han meir glad i mat. Han er spesielt glad i fisk og har heile livet stort sett fiska sine eigne middagar.

Magnus hadde skåla full av godteri sjølv om han ikkje er så glad i det sjølv. Foto: Kjellrun Åsebø

Gangsøy ligg sør for Måløy og rutebåten Øyglimt går til og frå øya tre gongar i veka.

– Har det hendt at du har fått så lyst på noko spesielt du elskar å ete at du hat tatt båten og rusa til Måløy for å kjøpe akkurat det?

– Nei, det har ikkje skjedd. Det einaste eg kan få lyst på på den måten er kreps når eg har krepseteiner ute, ler han.

Krepsefest med hyttevenn

Han er ikkje den einaste som er glad i det vesle skaldyret. Magnus er venn med fleire av dei som har hytter på Gangsøy, og ein av desse deler lidenskapen for kreps.

– Når han er på øya, kjem han alltid på besøk saman med den svenske kjærasten sin og så har vi krepsefest. Det er veldig kjekt – og veldig godt.

– Ho er begynt å bli gamal, men vi har vore i lag så lenge, seier Magnus om katten sin. Foto: Håvar Fagerli

Sjølv om Magnus bur åleine på øya har han godt selskap i dei to kattane sine.

– Den svarte og kvite katten som er to år er veldig redd når det kjem folk. Då rømmer den. Men ho her har blitt 15 år, så vi har vore lenge saman, seier han og klappar katten som ligg i trygt i fanget.

Sju brør og ein kjærleik til havet

Barndommen til Magnus på Gangsøy var fin, fortel han. Han vaks opp saman med seks brør, der han sjølv er nest yngst.

Fem av brørne flytta frå øya. To brør blei igjen, men broren som også valde å bu på øya døde då han berre var 45 år, og resten av familien flytta til Måløy.

– Eg blei igjen for å passe på mora og faren min. Vi hadde ein del dyr og tidlegare hadde vi også kyr. Så eg måtte gå i marka og mjølke om morgonen og kvelden.

Familien flytta inn i huset i bakgrunnen 9. april 1940, den dagen krigen braut ut og Magnus blei fødd 11. november same året. Foto: Håvar Fagerli
På stoveveggen heng eit bilde av alle sju brørne saman med mora Anny og faren Oskar. Harald (f.v.), Einar, Audun, Kristoffer, Olav, Magnus og Mindor. Foto: Håvar Fagerli

Faren til Magnus, Oskar, hadde to større båtar der både Magnus og brørne var mannskap om bord.

Kjærleiken til havet held fram som pensjonist.

– Havet har vore livet mitt heile tida, og det beste med å bu på ei øy er at eg har kunne vore sjølvhjelpt. Eg har fått gjort det eg ville og drive med småfiske frå båt, fiska med ruse, garn og teine og fiska kreps. Eg liker meg godt her.

På kjøkkenet heng bilde av den eine båten til faren der Magnus hadde sin jobb. Foto: Håvar Fagerli

– Kan av og til bli litt einsamt

Faren til Magnus fekk slag og kom på aldersheimen i Måløy der han døde. Mora, Anny, blei buande på garden.

– På den tida fiska eg mykje sei, og ho hjelpte meg med å sløye. Ho var veldig flink til å bli med ned på buda og vi sløya tusenvis av kilo der.

Mora budde på garden til 1996.

– Då datt ho heime, braut lårhalsen og blei sendt på sjukehus. Ho kom ikkje tilbake til Gangsøy, men budde på aldersheimen og Kulatoppen omsorgssenter før ho døde 104 år gamal, seier han.

På buda har Magnus sitt eige fiskerimottak. Bygga husar ikkje berre mykje utstyr, men også mange gode minne. Foto: Kjellrun Åsebø

– Ser du for deg at du får ei leilegheit i Måløy med tida?

– Ja, det kan hende eg får. Det er verst om vinteren. Då kan det lett bli litt einsamt og eg kjenner på litt frykt for å bli sjuk medan det stormar. Ein kjem seg ikkje til lands her, og det er forferdeleg når vinden frå nordvest står på. Då må eg i alle fall ut på hamna for å komme meg i båt, og då kan det vere snø og glatt. Så då kjenner eg litt på at eg er innesperra.

Men så lenge Magnus er i form er ikkje dette noko han tenker på.

– Nei, så lenge eg er frisk og klarer meg sjølv, går det veldig fint. Men ein veit aldri kor tid det skjer, og det kjem heilt sikkert til å skje, seier han.

Å hente posten på dagar der det er snø og glatt er strabasiøst. Foto: Kjellrun Åsebø

Dei største utfordringane for Magnus som øybuar er utan tvil snø og is, fortel han.

– Eg var inn på kaia og henta posten ein dag og måtte bruke piggstavar. Det var berre så vidt eg klarte det. Då var det veldig glatt, men heldigvis er isen vekk no.

Øyglimt er svært viktig i livet til Magnus. Foto: Håvar Fagerli

Tidlegare tok Magnus eigen båt og køyrde til Måløy for å handle og gjere andre ting. No tar han rutebåten Øyglimt.

– Eg tar alltid Øyglimt. På fredagar reiser eg som regel til Måløy for å handle og for å gå på kafé. Då er vi ein gjeng som samlast på Bjørgs mat for å ha kafédag eller vi køyrer over brua til kafeen i Deknepollen.

Sjølv om Magnus har ein stor eigedom å passe på sjølv, er han ein god hjelpar. Dei som har hytter skryt av kor flink han i alle har vore til å hjelpe dei.

Magnus meiner han sjølv også har gode hjelparar.

– Folk ringer og spør kva eg treng, for eksempel proviant, og det er eg takknemleg for. Dei eg er onkel til kan ofte komme med proviant, og Geir Ove Åsebø som har hytte på øya, ringer gjerne og spør om eg treng noko. Og treng eg noko, så kan dei ta det med, smiler han.

Slik ser garden til Magnus ut frå sjøsida med buda, fjøset bak og bustadhuset oppe ved vegen. Foto: Kjellrun Åsebø

Ein liten vaktmeister på øya

I tillegg kjem dei som har hytte titt og ofte til øya.

– Eg har kontakt med dei som er på øya, og så passar eg på husa deira. Og viss eg ser noko gale, så gir eg beskjed, forklarer han, og fortel om taket på ei lade som fekk gjennomgå i ein storm for eit par år sidan.

– Eg er ein liten vaktmeister, ler han.

Etter at Magnus blei konfirmert i 1954 var han mellom 1955 og 1960 med å bygge vegen på øya. Foto: Håvar Fagerli

Rolege dagar

Ein vanleg kvardag på øya er ganske roleg.

– Det er ikkje så mykje å ta seg til. Eg held fast ved å lage til fire måltid for dag. Så eg står opp rundt klokka 8 og et frukost, middag er klokka 12, kaffi klokka 16 og så et eg litt på kvelden.

Kvar morgon ser han også på Med hjartet på rette staden på NRK2 etter frukost.

– Då finn eg stolen min og set på denne engelske serien frå landsbygda som er så fin. Eg har følgt med på den heile tida.

I tillegg liker han å høyre musikk han liker på radio og han les aviser.

– Eg held Dagen, Norge i dag og Fjordenes Tidende.

Magnus liker å lage mat og held fast på fire måltid for dag. På julaftan steller han i stand full julemiddag. Foto: Kjellrun Åsebø

Ved kjøkkenbordet har Magnus ei fantastisk utsikt.

– Det er litt morosamt når cruiseskipa går forbi. Då ser ein mange blits gå av når dei passerer øya, ler han.

Frå kjøkkenbordet får Magnus med seg aktiviteten på havet. Foto: Kjellrun Åsebø

– Det er berre å gje på

Magnus føler på eit ansvar for å halde liv på øya.

– Det er rart med det når du har vakse opp her og vore her heile livet. Eg har vore på Sørlandet og Austlandet og hatt éin skikkeleg ferietur med Hurtigruten tur-retur til Kirkenes. Det var ein kjempetur.

Magnus har hatt god helse, men han har blitt dårlegare til beins etter tre ryggoperasjonar som påverka musklane i beina.

– Muskulaturen over knea held meg ikkje oppe. Det er vanskeleg å stå utan å halde seg i noko. Eg må ha stavar når eg står og går elles dett eg nesten over. Når eg reiser til Måløy, bruker eg stålskjener opp til knea, men elles bruker eg det ikkje, forklarer han og legg til:

– For å halde seg i form må ein berre gje på og stå i det. Ein må berre trene litt og gå. Og eg har heldigvis ikkje blitt verre.

– For å halde seg i form må ein berre gje på og stå i det. Ein må berre trene litt og gå, seier Magnus. Foto: Kjellrun Åsebø

Skal kose seg i jula

Juletreet i stova er pynta, juledukane ligg på borda og julestjerna og sjuarmaren er på plass i vindauget. Magnus har folk å vere saman med på den store kvelden, men han vil helst feire heime på øya.

– To eller tre gongar har eg vore i Holvik med eldste broren min, Olav. Men som oftast er eg her. Eg kosar meg og lagar full julemiddag.

Magnus har pynta til jul i både stova og kjøkkenet. Foto: Kjellrun Åsebø

– Har du av og til tenkt at du bur på ein plass som kunne ha vore med i programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»?

– Det er eit veldig kjekt program som eg har sett mykje på. Og veit du, eg har blitt spurt om å vere med der. Men det sa eg nei til. Det klarte eg ikkje, ler han.

Nokon tenker kanskje at det er spesielt å bu åleine på ei øy i havgapet. Men for Magnus er det heilt naturleg. Foto: Kjellrun Åsebø