Det har vore veldig roleg i midtre og ytre Nordfjord dei siste nettene, men natt til tysdag har det har vore fleire slagsmål fleire stadar i politidistriktet.

Ein av desse stadane var Florø.

– Det har vore fleire meldingar om slagsmål og vald i Florø, Bergen, Odda og på Voss, opplyser politiet.

Det har også vore to trafikkulykker på Voss og i Bergen, i tillegg til innbrot i Bergen.

– Totalt fire personar har blitt arrestert og innsett i arrest, opplyser operasjonsleiaren.