Onsdag litt før klokka 14.00 tok politiet imot melding om at NAV kontoret i Svelgen hadde teke imot alvorlege trugsmål frå ein av klientane.
Politiet tok denne meldinga svært alvorleg og rykte ut til Svelgen.
Etter kvart vart ein mann i slutten av 30-åra pågripen.
Mannen var påverka av alkohol og teken med til Florø Politistasjon der han vart avhøyrd.