Vågsøy, Selje og Bremanger får tilskot frå regjeringa fordi dei har ei arbeidsløyse på meir enn 3.1 prosent.

Selje kommune får 1.064.000 kroner, Bremanger kommune får 725.000 kroner og Vågsøy får 724.000 kroner.

I Sogn og Fjordane får og Hyllestad og Flora kommune midlar. Sistnemnte får 2.528.000 kroner.

Regjeringa ønskjer å auke aktiviteten på Sør- og Vestlandet som er særlig råka av effekten av den låge oljeprisen. Derfor føreslår regjeringa eit eingongstilskot i 2016 til kommunane på Sør- og Vestlandet til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg.

– Eg er stolt over at regjeringa fører ein politikk som vil gje tryggare arbeidsplassar som kan skape verdiar som sikrar vår velferd i tida som kjem, skriv stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i ei pressemelding.

Midlane blir fordelt til kommunar på Sør- og Vestlandet med høgare arbeidsledigheit enn landsgjennomsnittet. Tal frå NAV per april 2016 viste at 3,1 pst. av arbeidsstyrken var heilt ledig. Tilskotet blir fordelt med likt kronebeløp per heilt arbeidsledig person utover landsgjennomsnittet på 3,1 pst. Det betyr at kommunar med ei ledigheit på 3,1 pst. eller lågare, ikkje vil få tilskot.

Tilskotet blir fordelt til kommunane utan søknad og det blir lagt opp til ei enkel rapportering. Tilskotet skal brukast på tiltak som blir sett i gang i 2016, og som kjem i tillegg til allereie vedtekne tiltak i kommunane sine budsjett for 2016.

– Eg er svært glad for at regjeringa no gje kommunane høve til å setje i gang tiltak for at dei som er råka av nedgangen i petroleumsindustrien eller anna næringsliv får muligheit til å satse på nyskaping og varige arbeidsplassar, skriv Lars Svein Drabløs, fylkesleiar i Frp.