Det kom mange gode framlegg på blokka på idédugnaden for å finne fram til kva som kan gjere det meir attraktivt å bu i ytre Bremanger.

- Det boblar med idéar, sa Reidun Øvrebotten, som skreiv ned gode butiltak i ei av gruppene.

Ho sat ved eit bord saman med mange som arbeider med kultur i kommunen, og det meinte dei viste igjen i det som gruppa kom opp med.

- Vi ynskjer eit aktivt bumiljø, og seier kva vi meiner er viktig for å oppnå det, sa Reidun Øvrebotten.

Det var over eit hundre menneske frå Berle, Kalvåg og Bremanger som kom på møtet, som ei prosjektgruppe hadde invitert til, for å skape eit grunnlag for å starte eit bygdeutviklingslag. Det var mange fleire enn venta.

Les heile saka i papirutgåva fredag 18. februar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende