– Vi har i dag hatt eit møte for å drøfte korleis vi gjer det. Det vi satsar på no, utifrå dei meldingane som er, er at vi kjem til å halde oppe drifta av skulane som vanleg, seier Runa Hatlenes Nybakk, kommunalsjef oppvekst og undervisning i Kinn kommune.

Runa Hatlenes Nybakk, kommunalsjef oppvekst og undervisning i Kinn kommune. Foto: Gjert Myrestrand

Tidlegare i år, 11. januar, rigga både Vågsøy ungdomsskole og Skram skole seg for å sende elevar heim før vinden blei så sterk at brua stengde.

Dette er også eit alternativ i år, men altså ikkje før ein ser korleis meldingane utviklar seg.

– Vi ventar litt og ser det an. Om det viser seg å bli verre i morgon så får vi sjå kva vi gjer då. Foreløpig melding er at vi held oppe drifta. Samtidig så kan dei foreldra som vurderer det, halde ungane sine heime, seier ho og held fram:

– Så kommunen kjem ikkje til å stenge skulane. Vi veit det kan skape utfordringar for foreldre og arbeidslivet generelt, så vi må nesten sjå det an, seier ho.

Ho seier også at det vil bli lagt ut informasjon på Kinn kommune sine nettsider der ein vil bli oppdatert på kva som skjer.