– Russerådet har diskutert flytting av feiringa til etter eksamen. Det er positiv haldning til ei slik endring. Ressursgruppa vil foreslå flytting av feiringa for neste skuleår, skriv avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylke, Bjørn Lyngedal, i ein e-post til NTB.

Russerådet er ei slags «generalforsamling» for russen i Vestland, der alle russepresidentane deltek.

NTB har snakka med opplæringsleiinga i alle fylka i landet. Fleire andre fylke melder om same haldning, både hos russen og i skuleleiinga i fylket. Det er fylkeskommunane som har ansvar for dei vidaregåande skulane.

– Russefeiringa i Trøndelag har kjernetida si i maidagane. Vi har eit ønske om å utsetje russetida til etter eksamen og samarbeider nasjonalt for å få dette til, opplyser direktør for utdanning Vegard Iversen i Trøndelag fylke.

Hovudutvalet for utdanning i Trøndelag har allereie vedteke ei oppmoding om at russetida blir utsett til etter eksamen.

Kunnskapsministeren backar

Også Møre og Romsdal fylkeskommune kjem med ei slik oppmoding.

– Tidspunkt for feiringa er ikkje noko skuleeigar kan regulere, men oppmodinga vår er at ho blir lagt til etter eksamen, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Rogaland fylkeskommune.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) gjekk før jul ut og sa at russefeiringa bør skje etter eksamen. I tillegg bad ho fylka vurdere å innføre forbod mot russeklede når det fører til ekskludering.

Nasjonalt samarbeid

Rogaland fylkeskommune leier eit nasjonalt samarbeidsråd mellom alle fylka som jobbar for ei meir inkluderande og positiv russetid.

– Det nasjonale arbeidet har eit langsiktig perspektiv. Vi håpar å få til ei gradvis endring i tidspunktet for russetida, seier rådgivar Hilde Blesvik i Rogaland fylkeskommune, som er kontaktperson for det nasjonale arbeidet.

Fylkesdirektørkollegiet for kompetanse og utdanning (FKU), der alle fylka er med, jobbar med ein strategi for å få endra russefeiringa i 2026. Arbeidet går føre seg i samarbeid med elevane.

Noko skepsis

Også i Oslo blir det jobba for å få flytta russetida.

– Dette er noko både skuleleiinga og elevar ønskjer, og vi ser no på korleis dette kan løysast i Oslo. Dette vil krevje eit meir langsiktig arbeid, og er dermed ikkje realistisk å få på plass i år. Men vi håpar det kan bli mogleg neste år, seier direktør Marte Gerhardsen i Utdanningsetaten til NTB.

Ingen av fylkeskommunane stiller seg direkte negative til å flytte russetida, men Finnmark trekkjer fram noko skepsis blant skular og elevar.

– Nokre skular ønskjer at det er slik det er no, men ser utfordringa med gjennomføring av eksamen, og dessutan vêrforhold, seier rådgivar Lill Beathe Johansen i skuleseksjonen.

I Troms blir russefeiringa gjennomført som normalt på våren i år, med unntak av Tromsø der russefeiring startar 1. juni.

– Denne seinare oppstarten har elevane i Tromsø gode erfaringar med, og Tromsø blir ofte trekt positivt fram nasjonalt når seinare oppstart av russefeiring blir diskutert, opplyser Øyvind Hermann Endresen i fylkeskommunen til NTB.

Kritisk til kommersielle aktørar

Fleire fylke ber også om strengare regulering av dei kommersielle russeselskapa.

– Det er ønskjeleg at russetida blir flytta til etter eksamen, og her meiner vi at dei kommersielle aktørane har ei viktig rolle. Skulane kan ikkje regulere det som skjer utanfor skuletida, og nasjonale styresmakter bør sørgje for ei sterkare lovregulering av dei kommersielle aktørane, seier direktør for opplæring og tannhelse Liv Marit Hansen i Vestfold fylkeskommune.

Også fylkessjef for utdanning i Telemark, Helge Galdal, er kritisk til måten aktørane opererer på.

– Det er på høg tid at nokon får bukt med dei sterke kommersielle kreftene som syg pengar frå elevane og bidreg til ekskludering og utrygge rammer for avslutningstida av 13 års skulegang, seier han.

Skepsis til klesforbod

Kunnskapsministeren har også teke til orde for at skulane bør forby russeklede når det fører til ekskludering.

Akkurat dette grepet er fleire av fylka meir skeptiske til, og mange er usikre på lovlegheita i å innføre eit slikt forbod.

Fleire fylke har vedtak på at dei ikkje vil innføre eit slikt forbod.

Men i Vestland kan noko vere på trappene.

– I høyringa til nytt skulereglement blir det foreslått eit mogleg tiltak for å kunne forby klede som verkar ekskluderande, forklarer opplærings- og kompetansedirektøren.

(©NPK)