Om bord i Fury finn ein dei åtte russegutane Sondre Vangberg, Runar Naustdal, Sivert Myrold, Matias Navelsaker, Johannes Lefdal, Tor Erik Halsteinslid, Sebastian Grøttå, Magnus Reksnes og Abdinazir Mohamed.
Dei var glade for å få med seg ein sjekk på 1.000 kroner inn i russetida.
70 russ innom stasjonen
Arrangementet i regi av Nordfjord trafikkstasjon er kalla «Nordfjords mest trafikksikre russebil», og i år kontrollerte Vegvesenet elleve bilar, og møtte 70 russ, over to dagar.
– Det var berre to russebilar som blei godkjent ved første kontroll på Nordfjordeid trafikkstasjon, og som fekk oblat frå Statens vegvesen, forklarer Eirik Berg ved trafikkstasjonen.
Tre andre russebilar har seinare blitt godkjent russebil etter etterkontroll, fått oblat og kome med i kåringa.
– Dei som ikkje fekk oblat ved første forsøk fekk då moglegheit å rette manglar og feil, og få oblat for å bli med i kåringa, seier Berg.
Russequiz
Mens bilane blei kontrollert i kontrollhallen ved Nordfjordeid trafikkstasjon fekk eigarane av russebilane delta i russequizen 2018.
– Spørsmåla i quizen hadde fokus på trafikktryggleik og bruk av køyretøy, som Statens vegvesen alltid har i fokus. Det var også lett servering til russen med pølser i brød, vaflar og brus, seier Berg.
Premiane blei delt ut av Sparebanken Sogn og Fjordane i tillegg til ei premiekorg for russequizen frå Statens vegvesen.
Feil som går igjen
Berg fortel at det på køyretøya med feil og manglar i hovudsak handla om bremsefeil, elektrisk anlegg, lause gjenstandar innvendig i køyretøyet og feilaktig seteinnfesting.
Statens vegvesen sitt bidrag til den årlege russefeiringa 2018 er etter ønske frå Vegdirektoratet, og arbeidet er retta mot russen for å førebyggje ulykker under russefeiringa.
– Oblatordninga er ein dokumentasjon på at ein bil eller buss har den ønska tekniske tilstanden for bruk under russefeiringa. Bilar med oblat vil ikkje bli utsett for teknisk kontroll i mai månad, men må likevel kontrollerast for bruk av bilbelte og gyldig førarkort.