– Kanskje vi må flytte hit no, spøkte Kjartan og Liv Marie Krognes då dei blei tildelt årets byggeskikkpris for arbeidet dei har gjort med Steinholmen ved Kalvåg i Bremanger.

Dei to seier dei føler seg som bremangarar trass i at dei bur i Naustdal i Sunnfjord.

– Mottakinga frå naboane sidan vi overtok i 1998 har vore unik, seier Liv Marie, som også fortel at dei har vore masse i Bugta, mellom anna hos broren hennar Ole Stenbakk.

Han har vore til stor hjelp som rådgjevar for arbeidet med på husa på Steinholmen.

Ekteparet er svært glad for, og ikkje minst overraska over, å vinne byggeskikkprisen.

Les heile saka i papirutgåva fredag 28. september.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende