Klokka 22.50 måndag kveld gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Bryggja i Vågsøy.

Der dukka det opp ein ung mann på ein uregistrert moped.

Mannen hadde ikkje mopedførarbevis, og i tillegg køyrde han på gang- og sykkelvegen.

Mannen kan vente seg ein reaksjon frå politiet.