Krav til sporingsutstyr om bord på taretrålarane er eit ønskje fra Fiskeridirektoratet som brukar mykje tid på spørsmål om kor vidt desse fartøya er innanfor eller utanfor lovleg område. '
Regiondirektør Hans Haddal sa på informasjonsmøtet om tareforvalting i Florø før helga at åtte av ti som vender seg til Region Vest om tarenæringa tar opp spørsmål om kor vidt taretråling som pågår skjer innanfor lovleg område.
Når direktoratet mottar meldingar om ulovleg taretråling, reiser ein ut og går ein om bord i den aktuelle trålaren og les av kartboka.
Kontrollen er veldig begrensa, og han er på dette nivået, sa Hans Haddal, til Geir Magne Røys i Bremanger Fiskarlag, som spurde om kva kontroll som er av taretrålingsfartøya i dag.
Les meir om taremøtet i papirutgåva måndag 21. februar.