Dei hadde leita etter henne i ein og ein dag då dei etterlyste henne på sosiale medium første gongen.

– Utbrytarkongen Alba er på rømmen. Ho klarte å grave seg under gjerdet i hundegården og forsvann etter ein katt eller ein rev, skreiv Nave som spurde om hjelp til å halde auga opne.

Framleis vekke

Men Alba er ikkje komen tilbake eller funne. Nave og fleire skal då gjere eit siste forsøk på å finne hunden som ikkje er frisk. Dei trur at grunnen til at det har vore vanskeleg å finne Alba heng saman med at ho mest sannsynleg har lungeødem og derfor verken kan gje verken lyd frå seg eller flytte på seg noko særleg.

– Søndag må vi dessverre avlyse søndagsopen farm då vi vil bruke tida til eit siste forsøk på å leite etter Alba. Laurdag kveld er det sju dagar sidan ho grov seg ut under gjerdet i hundegården og forsvann, seier han og beklagar at dei må stenge.

Alba er ikkje komen tilbake enno og no skal dei på hjortefarmen bruke søndagen i eit siste forsøk på å finne henne. Foto: Hjortefarmen på Nave