Det er ferja Hornelen som opererer på sambandet på fv. 616 frå Måløy via Husevågøy til Oldeide.

– Sambandet er innstilt inntil vidare, opplyser vegtrafikksentralen.

Ferja ligg til kai i Måløy.

Litt seinare melder vegtrafikksentralen at det blir normal drift på avgangen frå Måløy klokka 09.50, men då med ferja MF Sognefjord.