Bakgrunnen er at kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen i si saksutgreiing om deling har tilrådd namna Vågsøy og Kinn for Florø-delen om det skulle bli deling – sidan signalet frå Statsforvaltaren er at ein melder inn ønskte namn tidleg.

Nødseth hadde tru på at nordre del kanskje ville diskutere eit skifte til namnet Måløy på kommunen, men truleg lande på Vågsøy. For søndre del trudde han alternativa ville vere Florø med «ø» eller Kinn.

Han uttrykte bekymring for om namnevalet Kinn for søndre del kunne by på problem.

– Kommunedirektøren foreslår Vågsøy og Kinn, og om det er med same organisasjonsnummer og kommunenummer, er ikkje det då reelt sett ei vidareføring av det gamle inn i det nye? Vil ikkje Flora-delen sitte igjen med alt tjafset og risikoen for å bere det? Det verker som det vil vere særs krevjande å argumentere seg ut av at vi ikkje er gamle Kinn når alle omstende peikar mot at vi er det, sa Nødseth, og la til:

– For Guds skuld kall kommunen noko anna enn Kinn om det blir deling. (...) Florø eller noko anna. Og til og med Flora er betre enn den risikoen vi tar ved å halde på Kinn.

Kommunedirektøren forstod resonnementet, men hadde sjølv lese dette annleis.

– Det vil kome ei interdepartemental høyring i forkant av forskrifta som kjem i desember, og namn vil vere ein del av den forskrifta, sa Øyvind Bang-Olsen, som viste til delingsprosessen av Ålesund.

– Der blir det Ålesund og Haram som før. Dei har spelt det inn til departementet, så det er mogleg å lage ein formalisert prosess og spele det inn. Vi må avklare tidleg at det blir oppretta eit nytt organisasjonsnummer, og kanskje også eit nytt kommunenummer. Det siste tør eg ikkje seie heilt sikkert. Men også val av revisor, tal kommunestyrerepresentantar og liknande. Vi kan avklare det no så er det gjort, sa Bang-Olsen.

Er det som ein fisjon i Aksjelova?

Kristian Skibenes (H) lurte på om ei kommunedeling var like godt regulert og hadde like god praksis som ein fisjon i forretningsverda der ein i Aksjelova omtrent kunne laste ned ein mal og gjennomføre.

– Når det gjeld det forretningsmessige og dei tilsette ved ei eventuell deling har inndelingslova strenge reglar. Om ikkje, er det skjønnsrett som tiltrer. Det viktigaste er at ei administrativ leiing er på plass, og kjent med oppgåvene dei skal løyse, og at det er etablert eit politisk organ som kan gi oppgåver til kommunepolitikarane som er valde. Og så vil det heilt sikkert vere restproblem som må handterast i etterkant.