Det vil variere litt kven sine kampar som blir sendt, men frå og med søndag kan du følge med på våre heimesider, og kanskje få sjå nokon du kjenner utfalde seg direkte på Ekebergsletta.

Polaris Media er konsernet som Fjordenes Tidende, i tillegg til mange andre mediehus, er ein del av. Gjennom denne avtalen får altså våre lesarar moglegheita til å følge det som reknast som ein av verdas største fotballturneringar.

Totalt er det seks lag med frå vårt dekningsområde. Måløy G17, Eid G16, Selje/Åheim J15, Bremanger G15, Svelgen J15/16 og samarbeidslaget Svelgen/Bremanger G17.

Søndag brakar det laust med kampar for alle seks. Bremanger møter Oppedal, Svelgen møter Hødd, Selje/Åheim møter det thailandske laget Scan Trade Football Academy, Eid møter Sauda, Svelgen/Bremanger møter Emblem/Skodje og Måløy møter Nordstrand.

Den første kampen som blir vist på fjt.no er oppgjeret mellom Emblem/Skodje og Svelgen/Bremanger søndag ettermiddag. Den kan du sjå direkte frå klokka 17.00.

På måndag viser vi tre kampar. Nok ein gong er det Svelgen/Bremanger som får sendetid når dei møter Søndre Land klokka 10.55. I tillegg til denne viser vi også kampen mellom Måløy og Hødd som går samtidig klokka 10.55, og Eid mot Tistedalen klokka 19.30.

Vi gjer merksam på at tidspunkt for kampane kan endre seg, så det er berre å følge med på nettsidene våre for informasjon undervegs i turneringa.

Tysdag er den siste runda med gruppespelkampar for våre lokale lag. Om nokre av desse går vidare til dei ulike delfinalane, er det store moglegheiter for at desse kampane vil bli vist.

Det er dessverre ikkje opp til Fjordenes Tidende å bestemme kva lag som vil få sendetid.