Kjell Brenne er nesten like rask ved tastaturet som på friidrettsbana. Læraren og sprintaren har gjennom 30 år vore sentral i oppbygginga av lokalavisa Synste Møre.

Kuriøst nok var det i Måløy Kjell Brenne innsåg at han kunne nå langt som sprintar. I 1960 hadde han flytta frå heimbygda Folkestad til Åheim for å jobbe som lærar.

– På den tid var det eit lite, men godt friidrettsmiljø i Måløy der Ove Ask var pådrivar. Det var godt samarbeid med Åheim, og i den samanheng reiste vi i 1961 på friidrettsstemne til «steinrøysa», der Måløy stadion ligg i dag, minnest Brenne.

Han klokka inn til 11,7 på grusen, og fann ut at han ville satse. Då var han 20 år. Satsinga førte han rett inn på det norske lands- laget og Europa rundt på konkurransar.

– Vi var både i Sverige, Finland, Jugoslavia og Romania på landskampar, fortel 74-åringen.

Persen på 200 meter på 21,4 sette han i Timisoara i nettopp Romania.

La opp og flytta til Åheim

Landslagskarrieren varte i seks år. I løpet av desse åra drog han til Volda for å ta lærarskulen, men han hadde allereie treft ho som skulle bli kona, Tordis Ekremsæter, frå Åheim.

I 1967 flytta dei tilbake til Åheim og har budd der sidan. Då tok også ei lovande sprintkarriere slutt.

– Eg ville bu her, og innsåg at det ikkje var foreinleg med toppsatsing. Eg ville heller bruke tida mi på å vere lærar og jobbe med idrett på frivillig basis, seier Brenne.

Han byrja spele fotball på Åheim, ein aktivitet han heldt gåande til kring 1980. Då byrja han som trenar. Han engasjerte seg også organisatorisk i Åheim Idrettslag. Og det var idrettsinteressa som førte han inn i journalistikken.

– Avisbransjen var annleis organisert på den tid. Avisene hadde meldarar rundt om. I 1985 vart eg spurt om å gå inn i redaksjonen. Eg var i fullt arbeid i skulen. Det vart ein interessedriven attpåhobby, fortel Brenne.

Dei siste åra er det likevel som avismann han er mest kjent. 74-åringen framheld at han ikkje vil «skryte på seg noko», men han trur ikkje det er mange på våre trakter som kan vise til fleire publiserte spaltemillimeter enn han.

– Før i tida fekk vi til og med betalt etter kor langt vi skreiv!

Største eigar

Det var Per G. Osnes frå Ulsteinvik, men gift i Syvde og busett der, som byrja gje ut bygdeblad i 1970.

– Vanylven var eit kvitt felt på aviskartet. Osnes hadde bakgrunn frå Vikebladet i Ulsteinvik og byrja gje ut Synste Møre. Under jappetida på 1980-talet heitte det ein periode vestAvisa, men ikkje visste vi korleis vi skulle skrive det, og ikkje gav namnet oss noko lokal identitet, så i år 2000 var namnet Synste Møre tilbake, påpeiker avismannen.

Då var den tidlegare meldaren frå Åheim komen inn på eigarsida. Saman med kona eig han 28 prosent av aksjane i avisa med redaksjon på Fiskå. Med det er dei største eigar.

– Våren 1990 vart avisa innstilt av økonomiske grunnar, men i august same år starta vi opp att. Då var eg ein av dei som gjekk inn med aksjekapital, seier Brenne.

Vaffelhjarte-universet

Sjølv om avisa er lita med om lag 2.200 i opplag, har dei solid økonomi gjennom nøktern drift. Og vanylvingane støttar opp om lokalavisa si.

– Eg trur det berre er Svalbardposten i Norge som har betre husstanddekning enn oss, om lag 90 prosent av husstandane i kommunen abonnerer, fortel Brenne.

Synste Møre er kjent gjennom barnebøkene til Maria Parr. Redaktør i dag er Vidar Parr, ganske riktig far til Maria.

Open for omlegging

– Eg følgjer spent med på det som skjer kring kommunereforma. Eg meiner avisene må tilpasse seg, seier Kjell Brenne, største eigar i avisa Synste Møre.

74-åringen seier han føler han er i ferd med å «passere målsnøret» også i avisbransjen, og opnar for å sleppe nye krefter til.

Blir Vanylven ein del av ein større kommune, meiner han det er naturleg at lokalavisa følgjer på.

– Går vi sørover og blir ein del av Stad kommune, ser eg ingen grunn til at vi og Fjordenes Tidende skal sitje i dei same møta og konkurrere om same sakene. Det vil vere naturleg med ei avis som tener det same området. Sameleis om vi går nordover. Å stå åleine blir vanskeleg. Sjølv om det nokon gongar er bra å vere supervanylvar, er det andre gongar betre å vere større og kome ut fleire gongar i veka, meiner mannen som har vore styreleiar i Synste Møre sidan 1992.

Han  legg til at dette er noko dei er samde om i avisa.