I desse dagar har fylkeskommunen ute ei undersøking hjå alle baneeigarar av kunstgrasbaner i fylket. Dei blir mellom anna spurde om vedlikehaldsrutinar, kor mykje gummigranulat dei fyller på årleg og om dei har jamleg djuprens av banene.

– Vi ynskjer blant anna å undersøkje i kor stor grad anleggseigarar tek omsyn til denne problematikken, og om dei har rutinar for å fange opp gummigranulat til dømes ved snømåking, seier trainee i fylkeskommunen Frank Tore Farsund Tveit i ei pressemelding.

Resultata frå undersøkinga vet presenterte på Idrettsanleggskonferansen på Skei 18. oktober.

Tilstanden på kunstgrasbaner er også tema for Forskningskampanjen 2017.

Her skal elevar frå heile landet undersøkje korleis det står til med kunstgrasbanene i nærområdet sitt og sende inn data til forskarane. 13 skular i Sogn og Fjordane er med på dette prosjektet.