Politiet meldte om brannen torsdag kveld klokka 23.19.

– Naudetatane rykker ut til brann i eit rekkehus, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Skadeomfanget var ukjent.

– Det er ikkje meldt om sakna eller skadde personar, fortel politiet.

Det var Florø og Eikefjord stasjon som rykte ut.

– Meldt om brann i bygning, skriv alarmsentralen 110 Vest.

23.37 var Florø brannvesen framme på staden.

– Ingen opne flammar. Røykdykkarar har gått i innsats, oppdaterer 110 Vest.

Politiet meldte like etter, klokka 23.38, at brannen var sløkt, og at bebuarane skal ha kome seg ut av det brennande rekkehuset.

– Brannen er sløkt, men det er ein del røyk i området. Ein del personar som har evakuert seg sjølv, opplyser operasjonsleiar.

Ifølge Bergens Tidende har det brent på utsida av huset.

– Ingen teikn til opne flammar då vi kom fram. Røykdykkarar har gått inn i huset for å kontrollere, sa Shahrooz Lahooti, vaktkommandør ved 110-sentralen til BT.