Skipet har over 3.000 passasjerar og fleire av desse er venta å fylle gatene i løpet av det ti timar lange opphaldet i kystbyen.

På fjt.no kan du følge skipet direkte medan det nærmar seg land, samt få informasjon og kommentarar medan det heile utfoldar seg. Vi vil også ta pulsen på det som skjer utover dagen, alt frå konsertar til forhåpentlegvis eit yrande folkeliv i gatene.

Du kan også følge skipet ved å klikke deg inn på Skipstrafikken som du finn ved å trykke på denne linken.

I tillegg har Fjordenes Tidende fleire webkamera som vil fokusere på båten medan den nærmar seg land.