Vest politidistrikt melder tysdag om ein røykutvikling i eit bustadhus i Florø. Ifølge politiet er det ikkje meldt om opne flammar.

– Brannvesenet har tatt ei gryte med noko som antakeleg har vore vore ein matrett, men som no er heilt forkola, opplyser leiar for operasjonssentralen.

Det var ingen i huset då røykutviklinga starta. Det er ingen skadde.