Vernesonen er der framleis, den er ikkje fjerna slik det kan sjå ut som på gjeldande haustekart for tare, og er ifølge regiondirektør Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet styrka.

– Den er no tatt inn i forskrifta som ei permanent ordning, seier han, og legg til at dei håpar alle kart og oversikter skal vere oppdatert til neste haustingssesong som startar 1. september 2018.

– Vi har gjennomgang av haustingsforskriftene kvart femte år. Så langt har vi ikkje funne noko biologisk grunnlag for at det skal vere større freding i Bremangerpollen enn det er, seier han, og viser til Havforskingsinstituttet sine undersøkingar.

– Kvifor vert ein fjord som Borgundfjorden freda og ikkje Bremangerpollen?

– Den delen av fagkunnskapen er det Havforskingsinstituttet som sit på.

Har forståing for frustrasjonen

Ulriksen har forståing for frustrasjonen fritidsfiskarane føler.

– Kunne de ikkje ha gått i dialog med taretrålarane då, og bedt dei starte seinare, eller ein annan plass?

– Moglegheitene er mange, men hummarfisket startar overalt, og det ville nok uansett blitt slik at ein forstyrra hummaren.

Ulriksen fortel at han har fått reaksjonar frå ulike fiskarlag om at dei burde bli varsla også. Det er ikkje rutine for det per i dag.

– Men det har vi notert oss. Varsla er viktige. Dei gir oss moglegheita til å følge med.

Fryktar for gravplassen

Det freda kulturminnet gamle Grotle kyrkjegard ligg heilt nede i havgapet, og har vore beskytta mot elementa av stortaren, meiner bygdefolket. Den gamle gravplassen ligg rett innanfor den verna sonen ved Kyrkjeflua.

– Kjem det ein hauststorm, kan heile gravplassen rase ut i sjøen, seier Oddleiv Grotle.

At taren er borte har også gjort leia farlegare, meiner fiskarane.

– Når vi går på fiske no så bryt båra overalt i leia og leia bryt saman tidlegare enn før. Det bryt på plassar vi rekna for trygge. Vi må gå der likevel, men det er ikkje trygt, seier Jostein og Magne Kristiansen.

Historiske rettar

Bygdefolket meiner det må ligge føre historiske rettar til bruk av dette sjøområdet.

Regiondirektør Vidar Ulriksen er einig.

– Det vil eg påstå dei har, ja, til å bruke det på tradisjonell måte. Men dei har jo ikkje retten til å stenge ute andre som også har retten til å bruke det, seier han, og legg til:

– Men det er viktig for oss at folk som bur langs kysten har moglegheit til å hauste av naturen sitt overskot og bruke sjøen som fritids- og rekreasjonsarena.