Innbyggjarane i Refvik har fått nok. Vegen frå fotballbana og ut til moloen er så dårleg at bilar og utstyr stadig blir øydelagt,

17.mai-toget ikkje kan gå der og bussjåførane kvir seg på å køyre strekninga.

- Nokre stader har eg målt ein nivåforskjell på heile 25 cm frå midten av vegen og ned i spora. Kommunen har enkelt og greit gjort ein ekstremt dårleg jobb her ute, fortel Henning Refvik som bur på Refvik.

I fleire år har refvikarane kjempa for å få utbetra vegen, men så langt har ikkje protestane ført til noko som helst.

- Her kan du sjå ein bein strek mellom den kommunale vegen og fylkesvegen. I Måløy klarer kommunen å oppretthalde ein viss standard oppover gatene, men vi her ute blir gløymt vekk. Dette er rett og slett forskjellsbehandling, seier Refvik.

Les heile saka i papirutgaven