Han meiner Ålfoten Grendeutval og Davik Utvik-lingslag er einspora i sin argumentasjon i saka om kystvegbru over Nordfjorden. Grendelaga stiller seg i ein uttale undrande til at det ikkje er planar om vindmålingar før det er teke avgjerdsle om traséval for bru over Nordfjord.

– Sjølvsagt kan det blåse. Vi har Måløybrua som må stengjast når det er ekstremvêr, og ferjene legg seg i ro. Sånn er det berre, seier Senneset.

Han viser til utgreiingane som er gjort av Statens vegvesen og Aas-Jakobsen, og meiner det er urealistisk å velje Otteren-Maurstad som trasé.

– Då står det ytre alternativet igjen. Eg støttar meg til det vegvesenet konkluderer med. Ein må evne å sjå heilskapen i dette, meiner han.

Han er ikkje spesielt glad over vegvesenet si tilråding om at ferjesambandet Stårheim-Isane skal behaldast, og at ein ikkje skal bruke ferjeavløysingsmidlar frå dette ferjesambandet til ei brukryssing i ytre.

– Det fører til at alle som reiser på nye kystvegen må betale bompengar i mykje lenger tid enn om vi hadde fått bruke ferjeavløysingsmidlar, seier han.

Senneset minner om at regionen Flora, Vågsøy og Bremanger har eit innbyggjartal på over 20.000.

– Det er mange som vil nyte godt av kystvegen. No er det viktig at vi einast om trasévalet. Det begynner å haste, seier han, og viser til at mellom anna Bremangerlandet har hatt sterk nedgang i folketalet.

– Veg er ikkje løysinga på alt, men tilsvarande stadar langs kysten så skjer det vekst når vegar har vorte bygde ut. Kjernen er at vi bygg ut framtidsretta kommunikasjonar så folk vel å busette seg langs kysten, seier politikaren.

Han meiner ei bru i ytre ikkje gir så mange minuttar ekstra i reisetid for innbyggarane i Ålfoten og Davik.

– Det bør vege opp fordelen at ein kan reise når ein vil, utan å alltid måtte vente på ei ferje. Vi ser at folket her ute ikkje saknar ferja Smørhamn-Kjelkenes, nettopp fordi ein sjølv kan velje når ein må reise. Vi må våge litt for å vinne, og velje løysingar som gjeld langt inn i framtida.