Naudetatane rykte ut til ei trafikkulykke med personskade på RV 15 i Eid ved Holmøyane, ved Hornindalsvatnet.

Det skjedde like etter klokka 07.00 søndag morgon.

Eitt einsleg køyretøy med ein person hadde køyrd av vegen og rulla rundt eit ukjent antall gonger.

Føraren av bilen var ein mann i 30-åra.

Han vart kjørt til legevakta på Eid for kontroll. Bilen hadde komt ut forbi høgre vegskulder og følgd vegen eit stykke før den traff starten på eit autovern.

Vidare har bilen rulla rundt før den til slutt vart ståande på eit jorde ca 15 meter utanfor vegen.

Det er ikkje mistanke om ruspåverknad.

Ein mistenker førar for å ha sovna under køyringa, opplyser vaktsentralen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Saka vert vidare etterforska ved Stryn lensmannskontor.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende