Det er mange som gler seg til å gå ut i jula, og politiet vil at alle skal kome seg trygt fram og tilbake frå festen.

– Det er viktig at dei som er ute, det vere seg både unge og vaksne, at ein hjelper og passar litt på kvarandre. Send gjerne ei melding til kvarandre om at ein er komen trygt fram der ein skal, då slepp ein at nokon blir unødvendig uroa, seier Dvergsdal.

Når politiet blir ringt opp om at det er nokon som ikkje er gjort greie for, viser det ofte seg berre å vere misforståingar og mangel på kommunikasjon.

– Slike episodar kan ein førebygge gjennom gode avtaler, kommunisere godt med kvarandre og ikkje minst passe litt på kvarandre.

Rognald Dvergsdal har også ei oppmoding til alle førsette som har ungdommar som er ute på kvelden og natta.

– Eg vil sterkt oppfordre føresette om å følge opp ungdommane, og sjå til at dei kjem seg trygt heim. Om føresette kan tilby seg å hente dei, er det smart, seier Dvergsdal som ønsker alle ei god romjul.