Jamt over er valdeltakinga i Noreg høg. 77 prosent fann vegen til stemmelokala ved stortingsvalet i 2021 og nesten 65 prosent stemte ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Fordelinga mellom alder og kjønn er ganske jamn – med unntak av ei gruppe: andregongsveljarane.

Blant veljarar tidleg i tjueåra brukte under halvparten stemmeretten sin ved førre lokalval. Men hos 18- og 19-åringane ligg valdeltakinga omtrent på same nivå som hovudmassen av veljarane, det vil seie på nærmare 60 prosent.

Dette har heilt naturlege forklaringar, meiner valforskar.

Unge tidleg i tjueåra stemmer langt mindre enn både eldre og yngre veljarar. Illustrasjonsfoto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK

Krysspress og overgangar

– Det handlar om kva livsfase ein er i, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

Dei fleste av dei som skal bruke stemmeretten for første gong bur framleis heime, mange går på vidaregåande skule og er i ein relativ stabil livsfase, forklarar han.

– Ein lærer om politikk på skulen, ein blir kanskje pressa og påverka av foreldra til å stemme, og ein kjenner heimkommunen og forholda betre. Tidleg i tjueåra har mange flytta bort frå heimkommunen og er i ein overgangsfase i livet. Ein har ikkje det same sosiale nettverket og er i eit meir lausrive tilvære. Når ein ikkje har det same presset, er det lettare for å ikkje blir noko av.

Seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå Øyvin Kleven har analysert valdeltakinga opp gjennom åra. Han forklarar at ein lenge har sett den same tendensen.

Han trur til liks med Bergh at forklaringa ligg i overgangsfasen mange i starten på tjueåra står overfor.

– Mange opplever også krysspress. Foreldra stemmer kanskje eitt parti, så finn du eit anna parti, og så stemmer kanskje vennene dine eit anna igjen. Då kan det vere mange som ikkje klarar å bestemme seg og heller lèt vere å stemme. Det kan også vere reint praktiske årsaker til at mange ikkje stemmer, at du ikkje veit korleis du går fram og dermed lèt vere å gå til vallokalet.

Valstatistikaren meiner likevel ikkje det er grunn til bekymring og forklarar at den same veljargruppa som regel endar opp med å stemme seinare i livet.

– Eg er ikkje bekymra. Det er naturleg, og vi ser den same tendensen i land etter land. Når dei som ikkje stemte i tjueåra, blir litt eldre, går valdeltakinga opp og stig jamt og når ein topp i 70-åra.

Må ha grøn profil

I lokalvalet i 2015 stemte berre 36 prosent av andregongsveljarane. Ved valet i 2019 auka deltakinga med heile ti prosentpoeng. Skal vi tru valstatistikar Kleven har det skjedd slike svingingar i valdeltakinga fleire gonger gjennom valhistoria.

– Deltakinga varierer i større grad i lokalval enn i stortingsval, og det har med kva saker som mobiliserer å gjere. Når det er saker som engasjerer, går deltakinga opp – også blant unge, forklarar han.

Guro Ødegård er sosiolog og instituttdirektør ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet. Ho forskar mellom anna på ungdom og demokratisk deltaking.

Ho meiner at for å forstå kva som får unge vaksne til å møte opp i stemmelokala, speler konteksten ei viktig rolle.

– Unge står i ein særleg politisk formbar fase. Det samfunnet ein veks opp i, er med på å påverke, og dei haldningane ein etablerer som ung tek ein med seg vidare. Det er ikkje mange åra sidan vi såg tusenvis av ungdommar i klimastreik, og det er sånne hendingar som kan vere med på å forklare svingingane i valdeltakinga.

Ødegård forklarar at det er ein myte at unge i dag ikkje deltek.

– Unge i dag brukar stemmeretten sin i mykje større grad enn ungdom for 20 år sidan. Særleg dei siste 10–12 åra har vi sett ei mobilisering av unge veljarar. Unge er opptatte av mange av dei same sakene som eldre veljarar, men vi ser også ein generasjonsskilnad. Særleg klimasaka skil unge veljarar frå eldre. I klimakrisa vi står i, er det mykje som står på spel, og det responderer unge på. Både gjennom aktivisme og ved å bruke stemmeretten. Du kan ikkje gå utanom ein grøn profil viss du skal forvente unge stemmer.

Treng ein ekstra dytt

Valforskar Johannes Bergh trur ikkje heimesitjarane har bestemt seg på førehand for ikkje å stemme.

– Det som skal til for at folk stemmer, er gjerne at veljarane får eit inntrykk av at viktige spørsmål skal avgjerast, og at det er tydelege alternativ som stiller til val. I tillegg er det reint praktiske ting som informasjon om når, kvar og korleis ein avgir stemma si. Svært få har bestemt seg for å ikkje stemme, men treng berre ein ekstra dytt.

Ord som lokalpolitikk, kommunestyre og byråkrati kan kanskje vekke trøyttande assosiasjonar i dei fleste av oss. Då er det kanskje ikkje særleg rart at det er andre ting som får høgare prioritet i unge sinn.

– For mange er politikk kjedeleg, tungt og byråkratisk, og kanskje ikkje spesielt sexy, men kommunen bestemmer over mange forhold som direkte påverkar liva til folk. Mykje av det vi møter på i kvardagen, er det kommunestyret som har makt over, som skulen, fritidstilbod, idrettsbanar og ungdomsklubbar. Og det har media og politikarane ei viktig oppgåve i å få fram overfor dei unge, seier valforskaren.

Ikkje noko mål om 100 prosent

Bergh trur heller ikkje denne aldersbestemte «duppen» i valdeltakinga får store konsekvensar.

– Det har ikkje så store konsekvensar viss det er berre eitt eller to val ein held seg borte frå og kjem tilbake til vallokala seinare. Det er meir problematisk om grupper i samfunnet stiller seg utanfor og ikkje deltek på permanent basis. Då har ikkje politikarane insentiv til å ta omsyn til desse veljarane.

Han legg vekt på at det er ein demokratisk rett å ikkje stemme også, og meiner målet ikkje bør vere 100 prosent oppmøte på valdagen.

– Dei landa som har det, er enten diktatur eller har stemmeplikt. Målet er høg valdeltaking, og det bør vere ei moglegheit for å ikkje stemme, understrekar han.

(©NPK)