Natt til søndag fekk politiet melding om ei ung kvinne som var skadd etter eit slagsmål i Måløy sentrum.
Politi og ambulanse rykte ut og undersøkte den unge kvinna.
Det viste seg at ho ikkje var alvorleg skadd, så ho vart køyrd heim.
Politiet seier at det er uklart kva som har skjedd, og det er opp til kvinna om ho vil melde episoden.