Vestlandsrådet meiner det er avgjerande viktig at ein snarast får lagt fram ei eiga sak til Stortinget om Stad skipstunnel. Bakgrunnen er dei mange store og grundige utgreiingane som allereie er gjort omkring Stad skipstunnel.
Verdien av å få realisert Stad skipstunnel er ved fleire høve vist til som stor både med omsyn til generell samfunnsnytte, for auka tryggleik langs kysten, og miljøpolitisk, heiter det i ei pressemelding frå Vestlandsrådet.
Vestlandsrådet meiner difor saka er tilfredsstillande utgreidd, og at det no er tid for handling.
Heile saka står i papirutgåva.