Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 4. mai:

Russen gjer mykje bra

Då er det mai og russen skal feire at mange år med skulegang nærmar seg slutten. Og med russefeiringa er det russestrekar, russeknutar, festing, rus og krangling. Kvart år høyrer vi om skrekkhistorier og ulukker i samband med russefeiringa. Ungdommar som gjer ting som set dei sjølve og andre i fare. Det vere seg på fest, i trafikken eller kvar som helst. Utfordringa er dei som vil tøye grenser, og som misser all fornuft når dei får på seg russedressen. Tidlegare år har russ, rus og bilkøyring vore ei utfordring. Dessverre så har feiring i russe- og ungdomsbilar alt for ofte enda i tragiske ulukker.

I år har det også vore fokus på sexpress i samband med russeknutar. Mange stadar har russen sjølv teke grep for at unge ikkje blir lokka til handlingar som dei vil angre på og som kan få negative følgjer. Dessverre så er det mange russ som har blitt pressa til uønskte handlinga som har ført til valdtekt. No har heldigvis skuleverket, politi og Statens vegvesen stort fokus på oppmode russ og andre til å gjere feiringa så trygg som mogleg. Dei har også prøvd på ulike måtar å gje ungdommen kunnskap og at dei skal få gode haldningar til trafikk og tryggleik. I år som tidlegare år går politiet og andre ut med råd og sterke oppmodingar til russen om å feire med måte. Og det er spesielt fokus på rusmiddel og bilkøyring.

Ungdommane i vårt område er stort sett fredelege, fornuftige og oppfører seg pent. Og ikkje minst gjer dei veldig mykje bra: Samlar inn pengar til gode føremål, arrangerer eldretreff og lagar mykje flott liv og røre. Håpar russefeiringa blir slik at de kan sjå tilbake på den med glede. Spar også litt krefter til eksamen og det som skal skje etter russetida. Vår oppmoding til russen er å russe med måte. Ta godt kvarandre på kvarandre og lukke til.