Leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 6. oktober.

Mange er spente på dommen

Onsdag vart den nesten tre veker lange rettssaka etter den tragiske brannen på Selje Hotell avslutta i Sogn og Fjordane Tingrett. Det er nesten så at vi ikkje trur på at det som har kome fram rundt brannen. Det er som teke ut av ein film når vi får høyre korleis politiet meiner dei tre brørne sette fyr på hotellet. No skal vi ikkje legge oss opp i jobben som Sogn og Fjordane Tingrett skal gjere med å vurdere alle bevis og forklaringar som har kome fram. Dei må løyse sitt oppdrag fritt og uavhengig når dei skal ta stilling til kva og kven dei trur på, og når dei skal dømme dei som dei meiner har delteke i denne handlinga. Men mange er spente på dommen.

Dette er ei av dei verste kriminelle handlingane som har vore gjort i vårt område. I og rundt ruinane til det som ein gong var eit av dei flottaste signalbygga i Nordfjord er det berre taparar. Dette er eit tap for heile regionen. I sommar merka mange i næringslivet at det nesten ikkje var turistar i Selje. Hotellet var den viktigaste grunnen til at Kjell-Stig Amdam la ned sitt spesielle galleri i sommar. Stakkars folk i Selje som kvar dag må sjå på den triste branntomta. Ekstra vondt må det vere for dei som jobba på hotellet. Og ikkje minst må dette vere vondt for tidlegare eigarar, ekteparet Gerd Kjellaug og Harald Berge, som opplevde at deira livsverk gjekk opp i røyk i løpet av få timar.

Det er vel få som trur at bygget kan bli bygd opp slik det var og få den viktige funksjonen det hadde. Sist veke kom det fram at ei lokal investorgruppe som prøvde å få hand om bygget og etablere eit nytt hotell har trekt seg. Skulle det kome nye som vil satse i Selje får vi håpe at dei har andre kvalifikasjonar og hensikter enn den eller dei som med fullt overlegg laga ein ruinhaug av hotellet så mange var glade i.