Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) i Vågsøy inviterer til møte onsdag 30. september i Røde Kors huset i Måløy.

I tillegg har dei faste oppmøtedagar på Skaretun, Kulatoppen og Selstadgården.

– Vi er ein frivillig organisasjon med mange jern i elden, fortel Karine Smelror i HLF Vågsøy og legg til at dei tar opp mykje forskjellig på møta.

– For eksempel hjelpemiddel, kva vi kan bidra med i kommunen til det beste for dei høyrselshemma, høyrselstesting og kursing av medlemmar.

I tillegg hjelp dei til med høyreapparat og rettleiing, og går på heimebesøk dersom ein ikkje kan møte opp på dei faste møtestadane.

HLF har 184 medlemmar i hovudsak frå Vågsøy og Selje, men lokallaget ønskjer at fleire av medlemmane tek del i møta.

– Vi har ein lett tone i laget og det sosiale er viktig, seier ho og fortel at på dei hjelp kvarandre til ein betre kvardag.