Barnas Turlag Keipen gjentek suksessen frå i fjor og overnattar ute i Berledalen i helga som kjem.

Kari Songedal, leiar i Barnas Turlag Keipen, satsar på å lage to fantastiske dagar for barn, unge og barnefamiliar ute i vakre Berledalen i Bremanger, og håpar flest mogleg vil bli med.

- Det blir to kjekke dagar. Vi brukar ha eit opplegg med å fiske med garn, og det blir også fiskekonkurranse. Røde Kors vil lære oss førstehjelp, det blir orientering med kart og kompass og quiz, i tillegg til leik, bading og moro, fortel Songedal.

Turen startar frå Berle skule laurdag føremiddag, og varer til ein er trøytte og leie utpå søndagen, seier turlagsleiaren.

Turen blei første gong arrangert i fjor i anledning Friluftslivets år. Heile 90 stykke blei med på turen i fjor.

- Det var eit heilt fantastisk oppmøte, seier Songedal, og håpar turen blir ein suksess også i år.

Dei som ønskjer å vere med må melde seg på til Songedal i løpet av torsdag.

- Dette er fordi vi skal kjøpe inn mat, den er nemleg gratis for deltakarane. I tillegg tilbyr vi å frakte bagasjen opp for dei som måtte ønskje det. Det gjer vi fordi vi ønskjer å legge til rette for at ein kan reise med relativt små ungar og kome gjennom det på ein god måte som foreldre, seier Songedal, som seier at dette er ein fin tur å starte med.

- Det gjer ikkje noko om ein har lite erfaring med tur og fjell. Dette er ein grei tur å begynne med om ein som foreldre er usikker på om ein klarer det, seier ho.