Geir Inge Myskja er ikkje redd for å tenke utradisjonelt. Når han skal flytte på hybel denne hausten, flyttar han like gjerne inn i ein seglbåt.

– Etter tre år som øybuar på Haugsholmen er eg blitt vand med å bu litt annleis enn kompisane mine. At hybelen min er ein båt vert nok ikkje negativt for meg i det heile, seier Geir Inge Myskja.

Dette skuleåret vinkar han farvel til mor og far heime på Haugsholmen i Vanylvsgapet, og set kursen nordover mot Fosnavåg og vidaregåande opplæring. Og ettersom han har fått plass på maritime fag er det ikkje heilt unaturleg at han ønsker å tilbringe mykje tid på sjøen.

– Det er jo her eg har planar om å gjere karriere, seier han.

Har store planar

– Før eg flytta til Haugsholmen hadde eg aldri tenkt over alle moglegheitene som finnast på sjøen. På Austlandet gjekk det mest i å henge med vener, utan å eigentleg tenke over kva ein ville med livet. Etter at eg flytta hit til Vanylvsgapet, har eg fått auga opp for den maritime næringa, og no er det ingen tvil om at det er på sjøen eg ønsker å tilbringe tida framover.

Geir Inge fortel at sjølv om alt arbeid på sjøen verkar freistande akkurat no, så er det ein posisjon som heng høgare enn alle andre.– Eg skal til med det første året på vidaregåande no, men det store målet er ein dag å verte ein suksessrik skipper, seier den unge sjømannen.

Er godt kjend med havet

Og 16-åringen har nytta dei tre åra saman med familien på Haugsholmen godt. Ei blanding av god arbeidsmoral og brennande interesse har resultert i fleirfaldige timar arbeid, mange reparerte og restaurerte motorar og ikkje minst nyttig erfaring og kunnskap.

– Det har vore midt i blinken for meg å bu på Haugsholmen. Det har alltid vore noko på gong, og til tider veldig travelt. Men eg har fått utfalde meg arbeidsmessig, og verkeleg lært havet og naturen å kjenne. Det blir viktig for meg framover, både når det kjem til skulegang og busituasjonen min i seglbåten, seier Geir Inge.

Sjølv om han så vidt har teke steget ut i verda på eiga hand, håpar Geir Inge allereie no at han kan flytte tilbake til Haugsholmen ein gong i framtida.

– Det er mykje som skal prøvast ut og utforskast før den tid, men eg har verkeleg fått smaken på øylivet, smiler han.