Det var natt til tysdag at det vart brot i meklinga mellom YS og Spekter.
- Dette går ut over personar som har time ved nokre av poliklinikkane, opplyser informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun.
- Dette dreier seg om helsesekretærar, hjelpepleiarar, portørar, audiografar, sjukepleiarar og noko merkantilt personell.
- Streiken får konsekvensar frå og med tysdag morgon for pasientar som har time ved medisinsk poliklinikk, radiologisk poliklinikk, poliklinikk for øyre/nase/hals og høyresentralen vil avtalane gå ut, seier Eithun.
- Pasientar som har timar ved desse poliklinikkane blir oppmoda om å ikkje reise til Førde sentralsjukehus så lenge streiken pågår, og dei vil få tilsendt ny innkalling i posten.
- Dei aktuelle poliklinikkane vil kun ta seg av akutte hendingar, seier Eithun.